Nordhue - fottur og kulturprogram

Tur til Hedmarksvidda sitt storslåtte utsiktspunkt, fjelltoppen Nordhue 790 moh. Her skal vi få vitja Helge Væringsåsen frå Elverum sin palassaktige fristad "Borgen" og sjå folkedans ved støtta til minne om kor Per Sivle fekk inspirasjon til diktet «Vardevakt».

Kl. 13 starter eit kulturprogram innandørs. I år kåserer Vivi Nysveen, tidl. ordførar i Åmot og medlem i Sandbeck-stiftelsens styre om Vidar Sandbeck. Det er 100 år sia han vart fødd og markeringar mange stadr, òg på Nordhue. Med heile sittliv i Åmot kan han reknast som ein nær nabo. Det blir høve til allsang og songdans. Det er sal av kaffe og kaffemat, men ta gjerne med eigen niste.

Frå Løtensia er turen opp ca. 4 km gjennom myr og lettkupert mark, den siste km går bratt opp lia mot toppen. Arne Rom blir med som kjentmann på turen. Attende til Øisetra kan ein gå bilvegen på ca. ¾ time.
Frå Østerdalen går ein opp frå Rustad, P-plass der den gamle ferdavegen til Nordhue startar (2 km frå rv 3 like ved Rustad stasjon). Ruta er 5 km lang med 510 høydemetre. Same veg attende.
Turen er eit samarbeid mellom Folkedanslaget Sølja, HHT og DNT Elverum.

Frammøte: Frå Løten: Øisetra kl. 10.45. Følg skilting mot Nordhue frå rv 3/25 ved Ebru (ca. 14 km). NB! Bomveg. Frå Østerdalssia: Folkvang (den gamle lærerhøgskulen) i Elverum kl. 10.00 og samkjøring derfra til Rustad eller direkte på Rustad kl. 10.30.


Turledere: Frå Løten: Einar Lund, tlf. 901 46 218. Frå Elverum: Geir Olav Nerby, tlf. 976 80 118 og Peter Murer, tlf. 476 36 248

Mer info kan hentes her

  • Nordhue_dans.jpg